UTBYGGARANE: Knut Danielsen (til venstre) og Dag Ole Stråbø er eigarane av Vangsnes AS, som står for utbygginga på Vangsnes. (Foto: Frank Waal)
UTBYGGARANE: Knut Danielsen (til venstre) og Dag Ole Stråbø er eigarane av Vangsnes AS, som står for utbygginga på Vangsnes. (Foto: Frank Waal)

Har planen klar

I første omgang ønsker utbyggar å bygge ambulansebygg og to etasjar med leilegheiter på Vangsnes.

Dersom reguleringsplanen som nå er ute på høyring blir godkjent, ønsker Vangsnes AS å starte grunnarbeidet på det nye bygget i løpet av juni. 1. januar 2017 skal ambulansebygget på Vangsnes stå ferdig. Den eine delen av det gamle Statnett-bygget skal fjernast for å gi plass til det nye bygget.

Det er Dag Ole Stråbø og Knut Danielsen som eig utbyggingsselskapet Vangsnes AS, som i 2013 presenterte ein mulegheitsstudie der dei lufta idear om kva den 3,5 mål store tomta kan bli brukt til.

Deretter vann dei anbodskonkurransen om å bygge den nye ambulansestasjonen. Nå har dei landa på at det første bygget dei fører opp vil bli på tre etasjar.

– I første etasje blir det ambulansestasjon. I dei to neste etasjane blir det leilegheiter, opplyser Dag Ole Stråbø.

Grunnflata på bygget vil vere nær 450 kvadratmeter.

– Kor mange leilegheiter me bygger er ikkje bestemt. Her har interessentar mulegheit for å kome med innspel, seier Stråbø.

Han ser ikkje bort frå at dei gjer ferdig første etasje først, og at dei to neste etasjane deretter blir bygd på.

– Mykje skal gå galt om me ikkje bygger alle tre etasjane, seier Stråbø.

Han meiner det skal vere god marknad for sentrumsnære og sørvendte leilegheiter med Saudafjorden som næraste nabo.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.