*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
GRAND HOTEL: Dag Mikal Ramstad vil ikkje kommentere om han har kjøpt eigedomen Grand, som har stått tom sidan hausten 2012. (Arkivfoto)

Avviser driftsplanar for Grand

Dag Mikal Ramstad er styreleiar for eigedomsselskapet som eig Grand-bygget. Han avviser at det er konkrete planar om drift.

For eit par månader sidan overtok Dag Mikal Ramstad som styreleiar i Grand Eiendom AS. Eigedomsselskapet eig bygget Grand Hotel, som har stått tomt i tre og eit halvt år. Framleis står familien Skudal oppført som eigarar av Grand Eiendom AS.

Ryfylke har kontakta Dag Mikal Ramstad fleire gonger dei siste par månadene og spurt om han har gått inn på eigarsida. Kvar gong har Ramstad gitt same svar.

– Det har eg ingen kommentar til!

Søndag spurte Ryfylke igjen.

– Det har eg ingen kommentar til og det er det ingen som kjem til å finne ut på minst eit par år.

I fleire veker har det versert mange rykte om at Dag Mikal Ramstad har kjøpt bygget og at det er planar om ny drift på Grand.

– Det er ingen konkrete planar om drift på Grand, seier Ramstad.

Han har sjølv høyrt mange av rykta.

– Eg har høyrt at eg skal flytte kjøreskulen min dit og ha «intensiv-elevar» buande der. Det stemmer ikkje. Sjølv har eg ikkje tid til å drive noko på Grand. Eg har kjøreskulen min og den tar det meste av tida mi i løpet av døgnet, seier Ramstad.