– Det er ingen dramatikk. Det var ikkje sprengstoff likevel, seier operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Rune Plassen.
Måndag blei det funne tre dynamittkubbar på Røldalsfjellet. Politiet etterforskar fortsatt saka.
Då det i dag, torsdag, blei funne ein mystisk pakke inne på sorteringsanlegget på Birkeland, blei politiet varsla.
– Av sikkerhetgrunnar blei sorteringsanlegget tømt for folk. Pakken var pakka på ein måte som gjorde at ein frykta at det var dynamitt oppi, fortel Plassen.
Ein skytebas har nå forsikra om at det ikkje dreier seg om sprengstoff.