Entreprenørfirmaet har vore gjennom ein vinter med lite arbeid. Sju tilsette har vore permitterte. Frå rundt 1. april har alle tilsette vore tilbake i jobb, og oppdragsmengda har tatt seg opp.
– Nå er det bånn gass, og me er nøydde til å leige inn både folk og maskinar for å dekke jobbane, seier dagleg leiar i Brødrene Selvik, Leif Inge Løland.
Mellom anna som ein følge av den auka arbeidsmengda, har bedrifta tilsett éin person denne våren. Entreprenørfirmaet har planar om å tilsette ytterlegare éin person i nær framtid, slik at det snart vil vere 42 tilsette i bedrifta.
– Me må ta høgde for svingingane i marknaden som kjem med vinteren. Det gjer at me hovudsakeleg leiger inn folk i staden for å tilsette fleire for å dekke oppdraga me har i dag. Arbeidskrafta me leiger inn hjelper oss med å dekke toppane, forklarer Løland.
Eitt av oppdraga som gjer at det er stor aktivitet hos Brødrene Selvik, er kontrakta dei i fjor sikra seg med utbyggarane av Tysseelva kraftverk i Suldal. Småkraft AS har gått saman med grunneigarane ved Tysseelva for å bygge ut eit kraftverk som frå og med neste sommar skal ha ein produksjon på 16,6 gigawattimar. Reknar ein med eit straumforbruk på 20 000 megawatt per husstand per år, vil kraftverket kunne dekke 830 husstandar.
Brødrene Selvik har betong- og røyrarbeidet og det som er knytt til det. Sprenging, gravearbeid, røyrlegging og betongarbeid er det dei som gjer.
– Det er ein stor jobb for oss. Me starta i haust og skal vere ferdige i løpet av våren neste år. I snitt har det vore rundt sju personar knytta til den jobben, og talet vil nok auke utover, for etter kvart vil det komme fleire maskinar og mannskap i tillegg til betongarbeidarar, seier Løland.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.