– Det var veldig deilig å vinna. Og veldig kjekt at all treninga gir resultat, seier Atle Mehus.
Den 21 år gamle midtbanespelaren på A-laget til Sauda har dei siste månadene lagt inn mange ekstra kondisjonstreningar. Laurdag vann han Saudaløpet, det 6,5 kilometar lange landevegsløpet med start og målgang midt i sentrum under Saudadag-laurdagen.
Totalt 40 løparar stilte til start i konkurranseklassen. Atle Mehus fortel at han tok leiinga med ein gong frå start, og at han sprang først gjennom heile løypa, som går via Rustå, Kastfoss og Birkeland. Hakk i hæl låg den 23 år gamle langrennsløparen Sondre Handeland.
– Sist eg merka at han var rett bak meg, var i svingen nede ved Kløver. Då var det bare å setta inn turboen og komma seg først til mål, seier Mehus.
Han vann med tida 21.16, fire sekund framfor Handeland, og over eitt minutt betre enn tida han sjølv hadde under fjorårets Saudaløpet. Løyperekorden har framleis tidlegare toppløpar Karl Johan Rasmussen, som i 2005 vann på tida 18.30.
Topp tre, menn:
Atle Mehus, Sauda IL, 21.16
Sondre Handeland, Sauda IL, 21.20
Leif Inge Løland, Hylsfjorden, 21.37
Topp tre, kvinner:
Mayna Novik, Klypetussen, 21:48
Kirsten Lien, Røldal, 25.14
Jorunn Øye Rossebø, IL Ny Von, 25.25