Lekkasjen skjedde eit nedgrove vassrøyr i Svandalskrysset søndag kveld. Foto: Ingvil Bakka.
Lekkasjen skjedde eit nedgrove vassrøyr i Svandalskrysset søndag kveld. Foto: Ingvil Bakka.

Vatnet tilbake i Saudasjøen

Fleire husstandar i Saudasjøen var utan vatn i nokre timar fredag. No er hovudvassleidninga reparert.



Sauda kommune fekk brot på hovudvassleidninga ved Høse i Saudasjøen, fredag.

– Brotet er bare få meter frå der me fekk brot for eitt år sidan. Den gong tok det fire timar å reparere leidningen, sa Øyvind Ljung, ingeniør for vatn og avløp i Sauda kommune.

Litt over klokka 16 fredag ettermiddag kunne Ljung opplyse at alle skal ha fått vatnet tilbake.

Ljung ber alle bebuarane som vart ramma om å gjere følgande:

– Opne kranen som er lågast i huset først, som oftast i kjellaren, og la vatnet renne i 10-15 minutt. Dette for å få bort brunt vatn som kan oppstå når me spyler vassleidningen.