BADELIV: Storemyr og Klovsteintjødna er eit populært område i Åbødalen. Nå vil grunneigaren gjere plass til 20 nye hytter. I tillegg blir det vurdert å etablere heilårsveg, som skal få ei kraftig forbetring av parkeringskapasiteten. (Foto: Ingvil Bakka)
BADELIV: Storemyr og Klovsteintjødna er eit populært område i Åbødalen. Nå vil grunneigaren gjere plass til 20 nye hytter. I tillegg blir det vurdert å etablere heilårsveg, som skal få ei kraftig forbetring av parkeringskapasiteten. (Foto: Ingvil Bakka)

Ønsker fleire hytter

Det blir planlagt å gi plass til 20 nye hytter i Åbødalen. I tillegg blir det vurdert heilårsveg til Storemyr.

Åbødalen er den største «hyttedalen» i Sauda. Cirka 180 hytter er oppført i Åbødalen og Bakkadalen, som munnar ut i ein felles dal. Nå ønsker ein grunneigar å etablere 20 nye hyttetomter i området ved Storemyr, og har derfor utarbeidd eit forslag til reguleringsplan. Onsdag skal formannskapet gå gjennom planen og ta stilling til om den skal sendast ut på høyring.

Dei 20 hyttene er planlagt oppført i eit område der det i dag alt ligg hytter. Det er fleire grunneigarar som eig det 195 dekar store området som ligg sør for Klovsteinstjødna.

I planen er det også lagt opp til ein gangveg langs sørsida av Klovsteintjødna og meir parkeringskapasitet i området. Samtidig påpeiker rådmannen at grunneigarane må skaffe vinterparkeringsplassar som dekker planens behov.

Grunneigar Karl Gustav Lofthus opplyser at dei vurderer å etablere ein heilårsveg opp til Storemyr.

– Det er grunneigarar og hytteforeininga som diskuterer dette. Finansieringa må me i så fall ta sjølv. Me kan ikkje forvente at Sauda kommune tar den rekninga, seier Lofthus.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her