– Det var jammen på tide. Og ekstra kjekt at våre nye landsmenn på laget fekk oppleva eit skikkeleg sigersrop, seier kaptein for Sauda sitt A-lag i fotball, Andre Lilleskog.
Nyopprykka Sauda, som har slitt veldig i sine kampar i vår, møtte torsdag serieleiar Djerv 1919 til den siste seriekampen før sommarferien. Då laga møttes i Haugesund slutten av mars vann Djerv 1919 lett 7-0 over Sauda. Denne gongen var Sauda sterkast, og haugesundarane måtte reisa slukøyra heim etter kampen som enda 4-2 til heimelaget.
Tidlegare i vår har Sauda spelt med taktikkane 4-4-2 eller 4-5-1. Nå ville trenarduoen Johannes Rød og Stig Birkeland prøva ein ny taktikk.
– Me la oss på ein taktikk med to defensive ankerar, og eit 4-2-3-1-system. Det hadde me aldri prøvt før, men det funka, seier Lilleskog.
Trenar Johannes Rød fortel at den nye formasjonen aldri var testa ut i praksis, kun diskutert og forklart teoretisk. Han kjenner styrkene og svakhetene til laget Djerv 1919 etter at sonen Tobias spelte for klubben for nokre år sidan.
– Dei to hengande midtbanespelarane våre skulle fanga opp ballen der me har opplevd brot mot oss før. Det lukkast me med. Det var heilt fantastisk å vinna. Me har jo ikkje vunne ein kamp sidan oktober i fjor, seier han.
Kampresutatet kom som eit sjokk på haugesundarane.
– All ære og honnør til Sauda. Dei var gode. Eit tap var ikkje heilt med i kalkuleringa vår, men slik er fotball. Ein må gjera sitt aller yttarste i alle kampar, elles vinn ein ikkje, seier Asbjørn Helgeland, trenar for Djerv 1919.
Les meir i papiravisa på tysdag