FALT UT AV VINDAUGE: Ein saudabu tidleg i 20-åra falt rundt midnatt ut av det eine vindauget i andre etasje på dette bygget i Rådhusgata i sentrum. (Foto: Even Emberland)
FALT UT AV VINDAUGE: Ein saudabu tidleg i 20-åra falt rundt midnatt ut av det eine vindauget i andre etasje på dette bygget i Rådhusgata i sentrum. (Foto: Even Emberland)

Mann fall ut vindauge i 2. etasje

Personen blei sendt til sjukehus i luftambulansen. Tilstanden hans blir skildra som kritisk.

Natt til søndag blei det halde ein privat fest i Rådhusgata i Sauda sentrum. Rundt midnatt fekk ambulansen og politiet melding om at ein person hadde falle ut eit vindauge i andre etasje i bygninga. Ambulansen var på staden etter få minutt.

– Ifølge vitneforklaringar på staden var han ikkje ved bevisstheit etter fallet, men han pusta. Tilstanden hans blei i vitneforklaringar skildra som kritisk, opplyser innsatsleiar på staden og politioverbetjent Thomas Breivik.

Mannen som fall ut vindauget blei sendt med luftambulansen til sjukehuset i Stavanger eller Haugesund. Personen er ein mann tidleg i 20-åra. Han er frå Sauda. Vindauget han fall ut frå er på nordsida av bygninga. Bygninga ligg mellom Sparebanken-bygget og Leif Moe AS sine lokale.

– Me har ikkje informasjon om at det har vore slåssing, klammeri eller noko slikt som har ført til at han fall ut av vindauget, men foreløpig er hendingsgangen litt uviss for oss, seier innsatsleier på staden og politioverbetjent, Thomas Breivik.

På helsesenteret på Sauda distriktsmedisinske senter (Sauda DMS) blei det rundt klokka to sett opp ein plass kor kriseteamet i kommunen heldt ope for personar med behov for å samlast etter hendinga.

– Det er folk som har sett kva som skjedde, både innanifrå og utanifrå, og me jobbar vidare med å ta vitneforklaringar, forklarer Breivik.