Forsøpling i Jeskedalen

Kommunen politianmelder forsøplinga om det ikkje blir rydda opp denne veka.

Fredag morgon i førre veke var renovasjonstenesta i Sauda kommune mellom anna på parkeringsplassen i Jeskedalen for å hente søppel. Mannskapa oppdaga då at det var dumpa søppel på andre sida av vegen, utfor ein bratt skrent ned til Nordelva. Åbødalsvassdraget i Nordelva er eit verna vassdrag.

Oppsynsmann i kommunen, Einar Eik-Nes er oppgitt over forsøplinga.

– Det er veldig trasig for grunneigaren. Det er heilt uhøyrt å forsøple eigedommen til andre slik. Me må også bruke tid på å rydde om det ikkje blir gjort. Me gir dei denne veka på å rydde. Skjer ikkje det, anmelder me saka til politiet. Eg trur ikkje det er ein vanskeleg jobb for politiet å finne kven som har gjort dette, seier Eik-Nes.

– Kvifor ikkje?

– Det er trykkimpregnert materiale, papir, esker, boksar til skruer, blekkavfall og tre. Det er tydeleg at nokon har reparert og bygd ein terrasse og sett opp grå markiser. Me såg òg spor frå ein firhjuling med hengar. Det er ikkje mange som driv med slikt, forklarer oppsynsmannen.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.