*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SKIFTA MEINING: Ivar Johannes Handeland meiner at det aller beste for Sauda vil vera å slå seg saman med nabokommunar. Onsdag utgjorde han og tre høgrepolitikarar mindretalet då kommunestyret vedtok eit endeleg nei til samanslåing. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Frisk debatt på overtid

Tidlegare nei-tilhengar Ivar Johannes Handeland (Sp) prøvde å overtala kommunetyret til å stemma ja til kommunesamanslåing. Han lukkast ikkje.

– Eg har mest ikkje sove i natt. Nå skal eg sleppa ei bombe, åtvara Ivar Johannes Handeland då han gjekk opp til talarstolen under kommunestyremøtet onsdag.

I innlegget viste Handeland si nye og svært så engasjerte side i kommunereformdebatten.

51-åringen, som tidlegare har uttrykt både skepsis til og motstand mot at Saudas slår seg saman med nabokommunar, argumenterte nå friskt for det heilt motsette. Snuperasjonen til senterpartipolitikaren kom tydelegvis som ei overrasking på mange av dei andre politikarane i møtet. I debatten som følgde blei det blant anna behov for ein fem minuttar lang time-out der politikarane uoffisielt fekk diskutera Handeland sitt brot med partiet sitt i denne saka.

Sauda Senterparti gjekk til val i 2015 på sitt klare og tydelege nei til kommunesamanslåing. På partilista stod også Ivar Johannes Handeland, som i politiske debattar dei siste åtte månadene har argumentert for at Sauda skal fortsetta å vera ein eigen kommune. Under folkemøtet i april reiste han seg og sa blant anna at ei kommunesamanslåing er langt meir utfordrande og vanskeleg for Sauda enn for nære nabokommunar i Stavanger-området.

I kommunestyremøtet onsdag formiddag fortalde Handeland at han hadde skifta syn i saka. Han ramsa fortløpande opp alle fordelane han ser med at Sauda slår seg saman med nabokommunar.

– Og nå kjem eg til ulempene: Eg ser dessverre INGEN, slo Handeland enkelt og bestemt fast.

Han avslutta innlegget sitt med ”Toget går nå. Stem nei til å stå åleine!”.

Til Ryfylke fortel Handeland at han ikkje skifta syn over natta, men at han har vore gjennom ein prosess der han har sett stadig større fordelar med ei samanslåing og stadig fleire ulemper med å at Sauda står åleine.