FELLES INTERESSER: Kronprinsesse Mette-Marit var interessert i høyre meir om Simen etter talen hans, og dei konkludere med at naturopplevingar er ei felles interesse. (Foto: Asbjørn Birkeland)
FELLES INTERESSER: Kronprinsesse Mette-Marit var interessert i høyre meir om Simen etter talen hans, og dei konkludere med at naturopplevingar er ei felles interesse. (Foto: Asbjørn Birkeland)

Talte til dei kongelege

Under kongeparets Stavanger-besøk i går var 17 år gamle Simen Hansen Lunde ein av dei som heldt tale for kongefamilien. Det gjekk så bra at han fekk skryt av Hans Majestet Kongen sjølv.

– Eg syns faktisk at det gjekk mykje betre enn venta. Då eg gjekk opp på scenen var nervane så høge som dei kunne bli, og eg følte nesten at eg skulle svime av på grunn av alle folka. Men både kongen, dronninga og kronprinsparet gav meg rolige blikk, så det gjekk veldig bra, fortel 17-åringen, som også er leiar av ungdomsrådet i Sauda.

Han var ein av tre som fekk halde tale for kongefamilien og dei 300 inviterte gjestene utanfor kongeboligen Ledaal i Stavanger. Dei to andre som heldt tale var kongen og ordføraren i Stavanger.

Førespurnaden fekk han frå ordføraren i Sauda, Asbjørn Birkeland, for omlag to veker sidan.

– Eg tenkte: Skal eg tørre det? Men så kom eg fram til at eg hadde nok angra dersom eg ikkje hadde svart ja, sa han den gong til Ryfylke.

Og det var ein roleg saudagut som gjekk opp på scenen, med nervane godt skjult.

– Prosessen med å skrive talen har gått greit, sjølv om eg har brukt ein del timar på arbeidet. Eg har fått god hjelp av familie og vener undervegs, røper Hansen Lunde.

Tilbakemeldingane på talen i etterkant var ikkje få. Både publikum og kongen sjølv gav ros til ungguten.

– Eg har snakka med sikkert 199 av gjestene som har gratulert og skrytt av talen. Både kongen, dronninga og kronprinsparet skrøyt av talen. Vi snakka om dei forskjellige tema i talen; om flyktningsituasjonen og naturen i Sauda. Dei blei nesten litt freista til å kome på besøk, seier Hansen Lunde.

– Korleis var det å faktisk få snakke med kongeparet?

– Dei var veldig folkelege og greie å snakke med. Sjølv om det faktisk er kongen og dronninga du står der med, så snakka dei til oss på ein så god måte at det gjekk bra, seier han.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her