– Bare arbeidet ved Svartavatnet vil kreva minst 600-700 leveransar av betong, i tillegg til ei mengd anna transport som må til for å kunna ha prosjektet på skinner. Ein er nesten garantert å treffa på fleire store og tunge kjøretøy om ein kjører over Røldalsfjellet i sommar, seier Endre Kvæstad, prosjektleiar for i Statkraft sitt prosjekt ”Dam Svartavatn, rehabilitering”.
Nye krav frå Norges vassdrags- og energidirektorat gjer at demninga på Svartavatnet må forsterkast for å tola større flommar og tilfredsstilla dagens krav til funksjon og stabilitet. Dette betyr at dammen skal forsterkast med ei ny sjølvberande, tungt armert betongplate på vassida, pluss at dammen skal forsterkast med ein armert påstøyp rundt pilarane på nedstraumssida. I tillegg skal det etablerast ei ny botntappeventil.
Totalt vil arbeidet kreva rundt 3 000 kubikkmeter betong. Arbeidet starta i månadskiftet april/mai i år, og pågår nå for fullt. Trafikken forbi anleggsområdet går som normalt.
Saudefaldene er nå i startgropa på sitt prosjekt, ”Rehabilitering Dam Finnflot”, eit liknande prosjekt, men i noko mindre skala. Her er arbeidet med å bygga anleggsveg mellom Dalvatn og Holmavatn kome i gang, noko som har ført til auka transport av både mannskap og diverse maskinar mellom Sauda og Dalvatn. Planen er å starta det fysiske arbeidet på Finnflot-demninga i midten av august. Her vil ein truleg trenga 1 000 kubikkmeter betong.
Både Statkraft sitt arbeid på Svartavatn og Saudefaldene sitt arbeid på Finnflot vil ta ein pause vinterstid, og er planlagt fullført hausten 2017.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her