oPNAR I DAG: Ragnhild Johannessen og Gerd Olaug Garstad i Sauda Ferie & Fritid er superspente på responsen frå dei besøkande i Allmannajuvet.(Foto: Ingvil Bakka)
oPNAR I DAG: Ragnhild Johannessen og Gerd Olaug Garstad i Sauda Ferie & Fritid er superspente på responsen frå dei besøkande i Allmannajuvet.(Foto: Ingvil Bakka)

Turistanlegget opnar i dag

Det har tatt 15 år og har kosta 175 millionar kroner. I dag kan folk endeleg få oppleva det vidgjetne turistanlegget i Allmannajuvet.

– Uttrykket ”Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves”, passar godt her. Dette har me venta lenge på. Det er ein stor dag for Sauda. Eg er frykteleg spent og gler meg til å høyra reaksjonane frå folk som endeleg får sjå anlegget, seier ordførar Asbjørn Birkeland.

I dag startar ei seks veker lang prøvedrift i den ferdige delen av turistveganlegget i Allmannajuvet.

På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.

Turistveganlegget i Allmannajuvet har alt før det er ferdig fått massiv internasjonal oppmerksomhet. Den anerkjente og prisbelønnna sveitsiske arkitekten Peter Zumthor sine spektakulære byggverk er nå klare for å bli vist fram for både saudabuen og omverda. Måten dei tre bygga er reist i det steinete terrenget i det tronge juvet blir sett på som unik og noko som aldri tidlegare har blitt gjort. Både kafébygget og galleribygget står på pålar fleire meter over bakken.

Planen til arkitekten er at dei enkle, men spektakulære bygga i juvet er utforma i ein industriell byggetradisjon som glir godt inn i terrenget. Servicebygget nede ved hovudvegen kviler ”i lause lufta” inntil ein gedigen og mektig tørrsteinsmur ned mot Storelva.

Den offisielle opninga av turistanlegget i Allmannajuvet skjer først torsdag 8. september. Dette fordi det tredje og innerste bygget, det såkalla galleriet, ennå ikkje er ferdig innreia. Men både servicebygget nede ved hovudvegen og kafebygget er ferdige, og klare til å ta imot besøk frå og med i dag, fredag. I seks veker i sommar vil det vera prøvedrift i denne delen av anlegget. Turistanlegget i Allmannajuvet vil vera ope sju timar kvar einaste dag. Det er sett opp to daglege avgangar med busstransport frå Sauda opp til Allmannajuvet, der parkeringsmulegheitene er noko avgrensa.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her