Fornøgde gjester i Allmannajuvet

Fleire hundre besøkte det splitter nye turistveganlegget i den første opningshelga i prøvedriftsperioden.

– Imponerande! Fantastisk! Spesielt! Tøft! Kult!

Lovorda er mange etter at turistveganlegget i Allmannajuvet blei opna for ein seks veker lang prøvedriftsperiode fredag formiddag. Då Ryfylke var på staden eit par timar utpå den første opningsdagen, hadde fleire titals gjester alt besøkt anlegget i regnvêret.

Blant gjestene som spanderte på seg ein guida tur i området var familien Sætre frå Stavanger. Familien har hytte i Svandalen, og var der då dei leste om opninga på Ryfylke sine nettsider. Då heiv dei seg i bilane og kjørte opp til Allmannajuvet, som ligg cirka ni kilometer frå Sauda sentrum.

– Dette er veldig imponerande – og heilt fantastisk. Me har lese om prosjektet i avisa, nå var det veldig kjekt å få komma hit å sjå det sjølv, seier Morten Sætre.

Pensjonisten med bakgrunn frå ”fjellarbeid”, både som tunneldrivar og anleggsleiar, syntes det var fascinerande å sjå byggverka og høyra om historia bak.

Både saudabuar og norske og utanlandske turistar har kikka på arkitektbygga og testa ut kafeen i Allmannajuvet.

– Veldig grovt rekna har guidane telt 250 personar i løpet av dei tre opningsdagane. Det er me ganske godt fornøgd med, seier Ragnhild Folgerø Birkeland hos Sauda Ferie & Fritid.

Fredag starta ein seks veker lang prøvedriftsperiode i det nye turistveganlegget i Allmannajuvet. Etter å ha drifta anlegget i sju timar dagleg både fredag, laurdag og sundag, er ein nå spente på besøkstala vidare utover veka og sommaren.

I kafébygget blir det selt ei spesiallaga gruvesuppe med oksekjøt og grønsaker, saft, kaffi, kakao, eplekake og sjokoladekake. I løpet av dei tre første opningsdagane blei det selt 60 porsjonar med gruvesuppe.

– Og 204 koppar kaffi og svært mykje eplekake og sjokoladekake. Det er atskillig fleire som har sett seg ned med ein kopp kaffi og kake enn med saft og gruvesuppe, forklarer Birkeland.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her