*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/AvisbilderArkiv: Redaksjon/Avisbilder
STENGT: Åbø 2 har blitt brukt til både aldersbustader og bustader for vanskelegstilte. Nå er bygget stengt. Kommunen planlegger riving av det gamle, slitte bygget. (Foto: Ingvil Bakka)

Stenger Åbø-bygg etter brannfare

Feil på brannvarslingsanlegget gjer det for risikabel å bu i dei kommunale leilegheitene i Åbø 2.

– Brannalarmanlegget i bygget er ikkje i forskriftsmessig stand. Dette bygget har vore overrepresentert når det gjeld branntilløp i mange år, og brannalarmanlegget, som er direkte kopla til 110-sentralen, har hindra at bygget har brent ned mange gonger, opplyser varabrannsjef Inge Seim.

Sauda kommune sin oppsynsmann på bygningar, Roy Inge Hansen , fortel at bygget nå vil bli fråflytta og stengt. Å investera i nytt brannvarslaranlegg eller å reparera det gamle er ikkje eit alternativ.

– På sikt er planen å riva bygget. Det er veldig gammalt og svært slitt, nærast kondemnert, seier Hansen.

Bygget, som blei bygt på 1960-talet, har åtte leilegheiter fordelt på første og andre etasje. Bare fire av leilegheitene har soverom. Det skal også vera nokre rom på loftet i bygget. Bygget har opp gjennom åra blitt brukt til både eldrebustader, barnebustader og til bustader for sosialt vanskelegstilte. Det var i 2009 at formannskapet einstemmig gjekk inn for å busetta vanskelegstilte i bygget.

Det kommunale bygget har dei siste åra blitt brukt til å husa personar som har slitt med å skaffa seg eigen private bustad. Leiar av Nav Sauda, Elin Kjellstad, innnrømmer at ho har vore bekymra for tryggleiken for dei som har budd i Åbø 2. Nå er ho letta over at kommunen stenger bygget for bruk.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her