HAR PLANANE KLARE: Sondre Birkeland (til venstre) og Alf Gunar Lofthus i Byggmester Sondre Birkeland AS kjøper Selvig-bygget om kommunen omregulerar andre og tredje etasje, slik at dei kan lage leilegheiter over næringsdrifta på gateplanet. (Foto: Even Emberland)
HAR PLANANE KLARE: Sondre Birkeland (til venstre) og Alf Gunar Lofthus i Byggmester Sondre Birkeland AS kjøper Selvig-bygget om kommunen omregulerar andre og tredje etasje, slik at dei kan lage leilegheiter over næringsdrifta på gateplanet. (Foto: Even Emberland)

Vil kjøpe Selvig-bygget

Eigaren og firmaet Byggmester Sondre Birkeland AS er einige, men dei er avhengige av godkjenning frå politikarane.

Selvig-bygget blei lagt ut for sal i november i fjor. Åtte månader seinare ligg alt til rette for at det ikoniske bygget i sentrum får nye eigarar.

Det er Byggmester Sondre Birkeland AS, med Alf Gunnar Lofthus og Sondre Birkeland i spissen, som har blitt einige med eigaren av bygget, Berit Selvig. Sønene hennar, Alf Selvig og Steinar Selvig, har handtert prosessane som har gått opp mot eit sal av bygget.

Sjølv om partane er einige, er det likevel ikkje sikkert at det blir noko av salet. Byggfirmaet er avhengige av å få godkjent sine planar om å omregulere andre og tredje etasje i bygget frå næring til leilegheiter. Kun om det blir godkjent av politikarane i formannskapet vil dei gjennomføre kjøpet.

– Me vil kjøpe det fordi me synest det er for dumt at det er tomme lokale i sentrum som bare står der. Me ønsker å lage totalt tre leilegheiter i andre og tredje etasje. Første etasje skal vere butikklokale som i dag, og me vil satse på å leige det ut til éin eller fleire butikkar, seier Birkeland og Lofthus.

Søknaden, planar og teikningar vil bli sendt til kommunen denne veka, etter at det har gått to veker sidan dei sende ut nabovarsel om planane.

– Me er veldig glade for at me har blitt einige, og nå håper me bare at planane blir godkjent. Då vil det igjen bli aktivitet i bygget, som vil hjelpe sentrum å blomstre, seier Steinar Selvig.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her