MEININGSLAUST: Fylkeskommunen vil gijere om 28,3 kilometer fylkesveg i Sauda til kommunal veg, førebels utan å gi meir midlar til vedlikehald. Det karakteriserer ordførar Asbjørn Birkeland som meiningslaust. (Foto: Siri Åbø Wiersen)
MEININGSLAUST: Fylkeskommunen vil gijere om 28,3 kilometer fylkesveg i Sauda til kommunal veg, førebels utan å gi meir midlar til vedlikehald. Det karakteriserer ordførar Asbjørn Birkeland som meiningslaust. (Foto: Siri Åbø Wiersen)

Risikerer ekstra millionutgifter

Fylkeskommunen ønsker å gjere om 28,3 kilometer fylkesveg i Sauda til kommunal veg.

– Det er merkelig, seier ordførar Asbjørn Birkeland.

Han poengterer at kommunen får tilskot frå staten basert på antall innbyggarar og fordelingsnøklar, medan fylkeskommunen får inntekt basert på fylkesvegar, blant anna.

– Når dei omklassifiserer ein veg vil fylkeskommunen miste inntekt frå staten, medan kommunen ikkje vil få noko meir. Det er meiningslaust. Viss kommunen skal overta vegar bør vi få midlar til å vedlikehalde og drifte dei. Det vil medføre betydeleg økte driftsutgifter, og vi må kutte i andre ting viss vi skal prioritere vedlikehald på vegane, seier han.

– Vi har hatt ein gjennomgang av vegnettet, og ser at veldig mange av fylkesvegane ikkje tilfredsstiller krava for fylkesveg. Det gjeld hovudsakleg lokale tilkomstveger. Vi forhold oss til regelverk og vegloven. Omklassifiseringssaker skjer ofte, men dette er ei større sak som skapar mykje diskusjon – noko som er forståeleg, seier Joachim Weisser i Rogaland fylkeskommune.

Han fortel at det er forskjellige faktorar som speler inn, mellom anna trafikkmengde, fjerntrafikk, befolkningskonsentrasjonar, i tillegg til den nasjonale og regionale betydninga.

Han påpeikar samstundes at vegane skal vere i god stand før dei eventuelt blir omklassifisert.

– Det er noko som vil koste, og fylkeskommunen skal ta på seg dei utgiftene det fører med seg, seier Weisser.

I Rogaland til saman er det snakk om 690 kilometer fylkesveg, noko som er ein fjerdedel av dagens fylkesvegar.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her