TENKER NYTT: Sauda Boligservice AS, med styreleiar og dagleg leiar Aud Hege Jørgensen Hebnes i spissen, ønsker å bygga og selga fire nye campinghytter til private -  og deretter leiga dess ute til sine campinggjester eit viss antal veker i året. (Foto: Ingvil Bakka)
TENKER NYTT: Sauda Boligservice AS, med styreleiar og dagleg leiar Aud Hege Jørgensen Hebnes i spissen, ønsker å bygga og selga fire nye campinghytter til private - og deretter leiga dess ute til sine campinggjester eit viss antal veker i året. (Foto: Ingvil Bakka)

Vil selga nye utleigehytter

Eigaren og drivaren av campingplassen tenker nytt og ønsker eit ”sal- og tilbakeleige”-prosjekt.

– Det er eit behov for fleire utleigehytter. Men, sjølv om me har hatt ein auke i talet på besøkande dei siste åra, er ikkje dette nok til at me ser oss råd til å ta heile kostnaden med å bygga fire nye hytter. Då kan sal- og tilbakeleige-avtalar vera løysinga for oss, seier Aud Hege Jørgensen Hebnes, styreleiar og dagleg leiar i eigedomsselskapet Sauda Boligservice AS, som står som eigar av campingplassen i Saudasjøen.

Det er Sauda Boligservice som nå søker om dispensasjon frå reguleringsplanen i området. Campingplassen blir drifta av Sauda Fjord Camping, der Jørgensen Hebnes også innehar rollene som styreleiar og dagleg leiar.

Ved campingplassen i Saudasjøen er det i dag ni større hytter og 18 mindre einingar for utleige. I området er det også regulert inn fire hytter til, som ennå ikkje er bygd. Det er desse hyttene Jørgensen Hebnes nå ønsker å bygga. Byggekostnadene er estimert til rundt 7,5 millionar kroner.

– Gjer me ei slik investering står me i fare for å knekka nakken økonomisk. Me vågar ikkje å risikera dei fem arbeidsplassane i bedrifta for dette, seier Jørgensen Hebnes.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her