GLADE GUTAR: Jarle Solbakken (frå venstre), Lars Helge Løland og Glenn Tore Løland sprang alle sitt beste løp for året. Det gav eit overraskande stafettgull i Vestlandsmeisterskapet. (Foto: Kristina Letnes)
GLADE GUTAR: Jarle Solbakken (frå venstre), Lars Helge Løland og Glenn Tore Løland sprang alle sitt beste løp for året. Det gav eit overraskande stafettgull i Vestlandsmeisterskapet. (Foto: Kristina Letnes)

Sensasjonelt gull til Sauda

På førehand var det ingen som nemnde Sauda som ein gullkandidat i Vestlandsmeisterskapet i orientering. Då smakte det ekstra godt for stafettlaget å ta gull.

Jarle Solbakken, Lars Helge Løland og Glenn Tore Løland sprang søndag Sauda Orienteringsklubb inn til eit gull ingen hadde venta i eliteklassen for herrar.

Løpet blei ein rysare, kor Glenn Tore Løland la ut på sisteetappen på fjerdeplass, men han fekk raskt kontakt med tetlaga. Siste del av løpet var Sauda, Gular og Stord saman og kniva om gullet, og i mål skilde åtte små sekund gullvinnarane frå Sauda og bronsemedaljørane frå Stord. Gular tok sølvet.

– Dei hang seg på då eg tok dei igjen. Då handla det om å halde farta oppe slik at dei ikkje kom forbi. Eg starta spurten tidleg i ei myr og fekk ei lita luka. Det var veldig kjekt og uventa, for det var ingen som forventa gull. Alle på laget sprang veldig gode etappar, og då la det seg sånt at gull var mogleg, seier Glenn Tore Løland og smiler.

– På papiret var det tre-fire lag som såg sterkare ut enn oss, eit par av dei såg også betydeleg sterkare ut. På førehand tenkte me at medalje hadde vore veldig bra og litt i overkant. Gull hadde verken me eller nokon andre klubbar forventa at me skulle ta, seier Jarle Solbakken.

Sigeren blei skildra som ei oddsbombe av speakeren på Seljestad i Odda kommune. Då han før start gjekk gjennom favorittane og moglege gullvinnarane, var ikkje Sauda blant dei han snakka om.

– Det var ufatteleg gøy. Det klaffa så godt for oss, og at me då også hadde marginane på vår side og gjekk heilt til topps, gjer det ekstra kjekt, forklarer Solbakken.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.