SUPERBASKET PLASTIC COMPANY HEAD QUARTER EUROPE: Kontorlokalet i Skulegata i Sauda sentrum er hovudkvarteret til handlekorgprodusenten Superbasket. (Foto: Frank Waal)
SUPERBASKET PLASTIC COMPANY HEAD QUARTER EUROPE: Kontorlokalet i Skulegata i Sauda sentrum er hovudkvarteret til handlekorgprodusenten Superbasket. (Foto: Frank Waal)

Internasjonal suksess med låg profil

For godt over ti år sidan begynte saudabuen Roald Øverland arbeidet med å utvikle handlekorger. Nå er handlekorgene i bruk over heile verda, men Øverland held ein låg profil.

Det er lite som tyder på at bygget i Skulegata er eit hovudkvarter for eit internasjonalt selskap med blant anna Walmart, Coop, ToysRus og ICA som kundar. Over heile verda blir det brukt handlekorger utvikla av Superbasket Plastic Group AS.

Det heile starta med saudabuen Roald Øverland, som tidlegare var ein av Norges beste turnarar.

Tidleg på 2000-talet starta Roald Øverland prosessen med å utvikle ein ny type handlekorg. Han såg potensialet i å utvikle handlekorger med hjul, noko som ville gjere dei meir brukarvenlege. Den gong hadde ein kun to alternativ i butikkane: Ei stor handlevogn eller ei lita handlekorg som ein bar i handa. Alternativa i midten mangla.

Årsrekneskapet opplyser at dei eig 7,5 millionar kroner i faste verdiar, har 6,6 millionar i uteståande fordringar og 13,6 millionar i gjeld. Eigenkapitalen er 1,85 millionar kroner. I fjor blei aksjekapitalen heva med 1,1 millionar kroner.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.