ALLE I SVING: Store delar av familien er i sving for å klargjera nye Companiet Outlet, som opnar i september. Frå venstre: Kjetil Aartun, Åse Marie Egeland Aartun, Marianne Egeland, Kjellaug Egeland og Terje Egeland. (Foto: Ingvil Bakka)
ALLE I SVING: Store delar av familien er i sving for å klargjera nye Companiet Outlet, som opnar i september. Frå venstre: Kjetil Aartun, Åse Marie Egeland Aartun, Marianne Egeland, Kjellaug Egeland og Terje Egeland. (Foto: Ingvil Bakka)

Nytt liv i stengt sentrumsbutikk

Ekteparet Åse Marie Egeland Aartun og Kjetil Aartun startar butikk igjen. I september opnar Companiet Outlet.

– Me måtte gå ein del rundar med oss sjølv før me bestemte oss. Men nå er det ”all in” og på ‘an igjen. Me gleder oss, seier Åse Marie Egeland Aartun.

I løpet av september opnar ho og mannen Kjetil Aartun lågprisbutikken Companiet Outlet i dei 300 kvadratmeter store lokala i krysset Rådhusgata/Brugata, midt i Sauda sentrum.

Åse Marie Egeland Aartun, opphaveleg frå Vea, starta som 21-åring alt muleg-butikken Spareland midt i Sauda sentrum i mars 1990. I oktober 2012 skifta saudabutikken, som opp gjennom åra hadde endra seg frå ein lågprisbutikk til ein meir eksklusiv gåve- og interiørbutikk, namn frå Spareland til Companiet. Men ein stadig tøffare bransje og ein dalande omsetning gjorde at ekteparet valde å legga ned og stenga butikken i februar i år. Ein tanke var då å leiga ut lokala, men i dei seks månadene som har gått sidan stenginga, har lokala stått ubrukte.

Nå er det derimot hektisk aktivitet igjen i bygget, der ekteparet og familie nå førebur oppstart av ny butikkdrift.

– Companiet Outlet er eit heilt nytt konsept, der me kjøper opp og sel konkursparti og lagervarer frå andre butikkar og kjeder. Alt skal vera veldig billig, lovar Åse Marie Egeland Aartun.

Interiør vil framleis prega store delar av varesamansetninga, men klede, verktøy og andre bruksting vil ein også kunna finna i lokala.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.