*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ANDRE VEG: I fjor var det målgang i Sauda, etter at ryttarane hadde starta i Haugesund. I år skal dei andre vegen, retning Suldal og Suldalsosen, kor den tredje etappen blir avgjort. (Arkivfoto: Tore Bastlien Dahl)

Kristoff jaktar leiartrøya gjennom Sauda

På fredagens Tour des Fjords-etappe er det mellomspurt i Sauda og målgang på Suldalsosen. Eventuelle bonussekund kan gi leiartrøya til nordmannen.

Etter to etappar i Tour des Fjords er det australiaren Leigh Howard (IAM Cycling) som er samanlagtleiar. Det er han etter at han vant den mykje omtalte første etappen, kor hovudfeltet sykla feil veg og måtte gjere heilomvending på veg mot målstreken i Bergen.

Torsdag kappa Alexander Kristoff ned på 26-åringens forsprang med sin etappesiger i Odda. Den norske stjernas triumf gav han ti bonussekund. Howard fulgte på andreplass, slik at australiaren forsvarte leiinga, men nå er det bare to sekund som skiller dei to.

Fredagens etappe er ein ny moglegheit for Kristoff, sjølv om ryttarane skal klatre over Røldalsfjellet, og deretter forsere klatringa over fjellet mellom Røldal og Sauda. Målstreken er på Suldalsosen. Det gir sju relativt flate mil som avslutning på etappen. Difor er Kristoff ein av førehandsfavorittane, sjølv om klatringane dei møter på etappen i utgangspunktet passar andre ryttarar betre.

Det er venta at ryttarane dundrar gjennom Sauda sentrum mellom klokka 16 og klokka 16.40, avhengig av kor raskt feltet beveger seg på dei første 15 mila.

– Cirka 45 minutt før syklistane kjem vil vegen bli stengt for motgåande trafikk. Vegen blir totalstengt cirka 20 minutt før syklistane kjem. Om du ønsker deg opp på Røldalsfjellet, må du vere ute i god tid, informerer Sauda kommune om på si facebookside.

I Sauda er det også ein mellomspurt kor dei tre første ryttarane får seks, fire og to poeng i kampen om blå poengtrøya i rittet, i tillegg til tre, to og eitt bonussekund. På Røldalsfjellet skal det kjempast om klatrepoeng, høvesvis etter 103 kilometer og 118 kilometer av etappen.

Fredagens etappe er 221 kilometer lang, noko som gjer den til den lengste i Tour des Fjords sin historie. Målgang er venta å vere rundt klokka 18 på Suldalsosen.