RASK START: Atle Mehus gav bånn gass frå start, med Aamund Hoff Thomassen og Egil Aarebrot hakk i hæl. Det blei også resultatet etter målpasseringa. (Foto: Ingvil Bakka)
RASK START: Atle Mehus gav bånn gass frå start, med Aamund Hoff Thomassen og Egil Aarebrot hakk i hæl. Det blei også resultatet etter målpasseringa. (Foto: Ingvil Bakka)

Mehus og Rossebø vann Saudasjøen Rundt

Atle Mehus var i storform og persa.

– Kroppen var hundre prosent og det var bare å gi bånn gass frå starten av, seier Atle Mehus.

22-åringen tok ein overlegen siger i torsdagens Saudasjøen Rundt. Han vann med tida 18.32. Amund Hoff Thomassen kom på andreplass, eitt minutt og 19 sekund bak. På tredjeplass kom Egil Aarebrot.

I kvinneklassen var det Marie Vikeså som leia store delar av løpet, med Jorunn Øye Rossebø hakk i hæl. Ved Nesbrua såg sistnevnte sitt snitt til å springa forbi, og ho greidde å halda Vikeså bak seg heilt opp til mål ved Risvoll skule.

– Det var tungt, eg sleit med å henga på Marie. Men i den siste bakken greidde eg å dra litt i frå, forklarer Rossebø.

Vikeså var åtte sekund bak Rossebø i mål. Anne Kristine Kanestrøm tok tredjeplassen i kvinneklassen.

Les meir i papiravisa komande tysdag.