OVERTENT: Både hytta og bilen til den utanbygds hytteeigaren blei tatt av flammane. (Foto:Ingvil Bakka)
OVERTENT: Både hytta og bilen til den utanbygds hytteeigaren blei tatt av flammane. (Foto:Ingvil Bakka)

Stor hyttebrann i Maldal

Den åtte år gamle hytta var overtent då brannvesenet kom til staden.

Brannen blei meldt rundt klokka 21.45 i kveld, fredag.

– Hytta var overtent då me kom fram. Det var ingen i hytta då brannen starta. Me foretar ei kontrollert nedbrenning. Me sikrar rundt slik at brannen ikkje sprer seg. Me har fått hjelp av eit par lokale gardbrukarar som har brukt gjødselspreiar til å hjelpe oss å kontrollere flammane, opplyste varabrannsjef Inge Seim på brannstaden.

Hytta ligg i Maldal hyttefelt, ein ti-tolv minuttars kjøretur frå Sauda.

Hytteeigaren, som er frå Stavanger, var åleine på hytta i Sauda, men skal ha vore ute på ein liten tur fredag kveld. Då han kom tilbake til hytta oppdaga han brannen. Han fekk varsla ein hyttenabo, som igjen fekk ringt brannvesenet.

– Heilt forferdelig trist. Mange års arbeid som bare går rett opp i røyk. Hytta, bilen… Alt er brent opp, seier han til Ryfylke.

Les meir i tysdagsavisa.