I FRONT: Tour des Fjords-sirkuset dundra gjennom Sauda fredag ettermiddag, med deltakarar, bilar og motorsyklar. Desse sju leia rittet gjennom sentrum. (Foto: Ingvil Bakka)
I FRONT: Tour des Fjords-sirkuset dundra gjennom Sauda fredag ettermiddag, med deltakarar, bilar og motorsyklar. Desse sju leia rittet gjennom sentrum. (Foto: Ingvil Bakka)

Suste våte gjennom Sauda

Ei gruppe på sju syklistar hadde brote med resten av feltet då Tour des Fjords-sirkuset kom til Sauda fredag ettermiddag.

Klokka var rundt 16.30 då dei første syklistane i sykkelrittet Tour des Fjords suste gjennom Sauda sentrum fredag.

Den tredje etappen i rittet starta i Ulvik og har målgang på Suldalsosen. Etappen er på heile 221 kilometer og er den lengste i årets ritt.

Sju syklistar hadde brote med resten av feltet og kjørte åleine gjennom Sauda sentrum, etter ein sikkert nokså kald og våt tur over Røldalsfjellet.

Mange saudabuar trassa regnvêret og møtte opp for å heia på deltakarane.

Les meir i tysdagsavisa.