OMORGANISERING: Rådmann Wictor Juul meiner Sauda kommune treng ein gjennomgang av organisasjonen. Han vil frigjere pengar, men har som mål at dette skjer utan bruk av oppseiingar. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
OMORGANISERING: Rådmann Wictor Juul meiner Sauda kommune treng ein gjennomgang av organisasjonen. Han vil frigjere pengar, men har som mål at dette skjer utan bruk av oppseiingar. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Vil kutte millionar

Rådmannen meiner Sauda kommune treng betydelege millionoverskot kvart år for å møte framtidige investeringar.

I fjor hadde Sauda kommune eit overskot på 2,8 millionar kroner. Dette meiner rådmann Wictor Juul er altfor lågt. Han meiner overskotet må ligge godt over ti millionar kroner.

Den eine utfordringa rådmannen ser er at det ikkje blir spart opp pengar til framtidige investeringar. Dermed må kommunen stadig ta opp nye lån kvar gong ei ny investering skal bli gjort. Nå vil rådmannen bygge opp eit investeringsfond til framtidige byggeprosjekt.

– I dag har Sauda kommune omlag 25 millionar kroner i årlege lånekostnader. Me kan ikkje auke lånekostnadene, seier Wictor Juul til Ryfylke.

Den andre utfordringa er at det nye kulturhuset som skal stå ferdig hausten neste år, ikkje bare kostar pengar å bygge. Det vil også koste betydelege beløp å drifte.

Driftskostnadene til Sauda kommune vil auke opp mot fire millionar kroner i året når det nye kulturhuset står klart, ifølge Juul.

Rådmannen meiner også at Sauda kommune må ta på seg eit større ansvar når det gjeld næringsutvikling, og det å skape nye arbeidsplassar, i Sauda. I dagens driftsmodell er det ikkje frigjort kapasitet til denne type arbeid.

I tillegg påpeiker Juul at pensjonskostnadene er ei utfordring for Sauda kommune.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.