FOLKEFEST: Den offisielle opninga av Allmannajuvet trakk mange saudabuar, som alle blei bussa opp frå sentrum. (Foto: Even Emberland)
FOLKEFEST: Den offisielle opninga av Allmannajuvet trakk mange saudabuar, som alle blei bussa opp frå sentrum. (Foto: Even Emberland)

Folkefest i Allmannajuvet

I går opna turistanlegget i Allmannajuvet på storslagent vis med ei rekke innslag, talar og kjente gjester.

Den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor var hovudpersonen då den offisielle opninga av turistanlegget blei gjennomført torsdag formiddag. 200 personar var tilstades då fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal erklærte anlegget for opna, akkompagnert av ei trommegruppe flydd inn frå Oslo.

I 2004 takka Zumthor ja til å vere arkitekt for turistanlegget. 12 år og 175 millionar kroner seinare er anlegget ferdig.

– Eg er veldig fornøgd med resultatet. Alle som har vore involverte har gjort ein svært god jobb, sjølv om dette har vore utfordrande og eit tidkrevande prosjekt, seier Zumthor til Ryfylke.

På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.

Under opningsseremonien i Allmannajuvet var media tilstades både frå Norge og utlandet. I tillegg til inviterte gjester var det ei rekke saudabuer som hadde tatt turen opp for å få med seg opninga. Grunna den avgrensa parkeringsplassen ved attraksjonen, blei dei bussa opp.

Fleire talar blei halde før fylkesordførar Tengesdal detonerte «dynamitten» og erklærte Allmannajuvet for opna. Mellom anna erklærte regionvegsjef i Statens vegvesen, Helge Eidsnes, at opninga markerte starten på ei ny tid.

Saudaordførar Asbjørn Birkeland gliste frå øyre til øyre, men aller mest gliste dei ulike anleggsleiarane, som har jobba med eit svært krevande prosjekt i årevis, og ikkje minst prosjektleiar Arne O. Moen.

– Er du glad?

– I dag er eg glad, ikkje minst fordi dette har blitt så bra.

– Men det har vore ein kronglete veg?

– Det har det. Eg har vore prosjektleiar sidan 2008, konstaterer Arne O. Moen, medan han mottar gratulasjonar og handtrykk.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.