– Benkpress gjekk så det suste med 225 kilo lett i siste løft. Eg er overbevist om at verdensrekorden kunne vore inne i dag. Her er eg tilbake for fullt, seier Hildeborg Juvet Hugdal.
I dag, laurdag, deltok ho i Western European Cup i Italia. I denne konkurransen blir det løfta i alle tre greinene i styrkeløft; knebøy, benkpress og markløft, men det er kun samanlagttala som tel.
Saudabuen fekk kun eit godkjent løft i knebøy, der ho greidde 240 kilo. Benkpress, som er spesialgreia til Juvet Hugdal, gjekk altså knirkefritt, med 225 kilo i det siste løftet. I markløft fekk ho 187,5 kilo som tellande resultat. Totalt gav dette henne 652,5 kilo samanlagt. Med dette vann ho gull i vektklassen sin.
– 652,5 kilo er 20 kilo meir enn eg hadde i NM. Det går sakte, men sikkert framover. Eg har ein krevande kvardag, og må vera tolmodig. Alt i alt er eg fornøgd, seier ho til Ryfylke.
Juvet Hugdal innrømmer at sjølv om Western European Cup er eit mindre stevne, var ho spent på korleis det skulle gå i konkurransen.
– Eg måtte gjennom stevnet med godkjente resultat for å bli tatt ut til VM. Og det gjekk heldigvis, sjølv om det bare blei eit godkjent løft i knebøy, forklarer ho.
VM i styrkeløft blir i år arrangert i midten av november, i Orlando i USA.