ULYKKE: Ein personbil og ein yngre syklist hadde eit samanstøyt ved leikeplassen i Sauda sentrum søndag formiddag. (Foto: Frank Waal)
ULYKKE: Ein personbil og ein yngre syklist hadde eit samanstøyt ved leikeplassen i Sauda sentrum søndag formiddag. (Foto: Frank Waal)

Påkjørt ved leikeplass

Yngre syklist rapportert lettare skadd.

Søndag formiddag var det eit samanstøyt mellom ein bil og ein ung syklist i vegbanen ved leikeplassen ved musikkpaviljongen i Sauda sentrum.

– Det siste vi hørte var at personen er lettare skadd. Personen er sendt til Haugesund sjukehus, opplyser politimann Viktor Jacobsen på skadestedet.

Ein politipatrulje er på staden og tar avhøyr og oppmålingar.

Ifølge Jacobsen er det ikkje mistanke om høg fart.

– Dette er i ein fotgjengarovergang, men det er svært vanskeleg å sjå at dette er ein fotgjengarovergang, sjølv midt på lyse dagen. Den er ikkje merka med skilt og eg kan kun sjå to synlege kvite strekar på asfalten, seier Jacobsen.

Fotgjengarovergangen går mellom leikeplassen og bygget som blant anna brannstasjonen i Sauda held til. Oppmerkinga i asfalten er slitt vekk og det er ingen skilt langs vegen som signaliserer at bilistane kjem til ein fotgjengarovergang.

Ein innbyggar i Sauda som var på staden nikkar mot fotgjengarovergangen og seier til Ryfylke:

– Dette har me venta på.