FULLT BELYST: Måndag kveld fekk Sauda kyrkje flombelysning i privat gåve. (Foto: Frank Waal)
FULLT BELYST: Måndag kveld fekk Sauda kyrkje flombelysning i privat gåve. (Foto: Frank Waal)

Flombelyst 150-årsjubilant

Sauda kyrkje fekk måndag kveld full flombelysning, som privat gåve. Belysninga har blitt halde hemmeleg som ei overrasking til 150-årsjubileet.

I går kveld blei kyrkja lyssett utvendig med lyskastarar. Privatpersonen Leif Moe har gitt belysninga i gåve. Den er verdsett til godt over 200 000 kroner.

Soknerådsleiar Per Aksel Birkeland seier at han er overvelda over den flotte gåva.

Leif Moe er ein av dei næraste naboane til Sauda kyrkje.

– Eg ser bort på kyrkja og eg går forbi kyrkja kvar dag. Eg har alltid reagert på at det er svært mørkt der, seier Moe.

Han opplyser at belysning har blitt diskutert tidlegare.

– For 20-30 år sidan var det eit diskusjonstema, men då stranda det på naboprotestar. Etter det har det skjedd svært mye innan lysteknologi, seier Moe.

Han meiner dagens lysteknologi ikkje skal vere til sjenanse for naboar. Leif Moe håpar og trur at belysninga vil bli godt tatt imot.

– Det er ikkje ein religiøs grunn til at eg gir denne gåva. Min far var kyrkjetenar ein kort periode, men eg personleg har ikkje noko anna forhold til kyrkja enn folk flest. Eg vil seie at eg har eit naturleg godt forhold til kyrkja, seier Moe.

Han poengterer at det kun er estetiske grunnar til at han ønsker å gi belysninga i gåve.

– Eg har sett kyrkjer andre stader som har hatt utandørs lyssetting. Eg har alltid synest det har sett veldig flott ut, seier Moe.

Vil du lese meir om den flombelyste kyrkja? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.