Klokka 12.30 i dag, tysdag, presenterte fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa sitt forslag til ny kommunestruktur i Rogaland.
I sitt forslag går Kleppa inn for at Hylsstronda (Vanvik krins) blir overført frå Suldal kommune til Sauda kommune. Kleppa peiker på at den lange kjøreavstanden mellom Hylsstronda og Suldal er grunnen til at ho ønsker denne grensejusteringa. Ho viser også til at for eksempel ungdomsskuleelevane i Vanvik krins går på skule i Sauda.
Fylkesmannen sitt forslag er kun ei innstilling. Det er Stortinget som i juni 2017 skal avgjere kva den nye kommunestrukturen i Norge blir.
Hylsstronda var den einaste grensejusteringa Fylkesmannen i Rogaland gjekk inn for. Andre potensielle grensejusteringa blei kun påpeikt som ei mulegheit, men ikkje foreslått direkte av Kleppa.
Vidare gjekk Kleppa inn for at Stavanger, Finnøy og Rennesøy blir slått saman til ein kommune. Alle desse tre kommunane har sjølv gått inn for dette. I tillegg foreslår Kleppa at Forsand og Strand blir slått saman. Dette er imot Forsand sitt kommunestyrevedtak. Dei ønska å slå seg saman med Sandnes.
Kleppa går også inn for å slå saman Eigersund og Sokndal. Dette er kommunestyret i Sokndal imot.
Ingen andre kommunesamanslåingar vart foreslått i Rogaland av fylkesmannen.
I går stemte innbyggarane i Vindafjord og Etne nei til kommunesamanslåing mellom desse to kommunane, i ei folkeavstemming.