SISTE INSTANS: Det er Høyesterett sitt ankeutval som først skal avgjera om saka skal til behandling i Høyesterett. Deira avgjerd kan vera klar om fire-fem veker. (Foto: Høgsterett/Sturlason)
SISTE INSTANS: Det er Høyesterett sitt ankeutval som først skal avgjera om saka skal til behandling i Høyesterett. Deira avgjerd kan vera klar om fire-fem veker. (Foto: Høgsterett/Sturlason)

Ankar vidare til Høyesterett

Gulating har avvist anken til dei to innsidehandel-dømte saudabuane. Begge står fast på si uskuld og har anka til Høyesterett.

– Lagmannsretten nektar anken fremma fordi det er klart at anken ikkje vil føra fram, heiter det i avgjerda frå Gulating lagmannsrett.

I april i år måtte to saudamenn møta i Stavanger tingrett, tiltalt for innsidehandel etter at dei var involvert i eit større oppkjøp av Rocksource-aksjar i 2014. Oppkjøpet blei gjort før det blei offentleggjort at oljeselskapet hadde gjort eit viktig funn i Norskehavet.

Stavanger tingrett kom i mai i år med dommen i saka. Tingretten dømte saudamannen i 50-åra til fengsel i 90 dagar. Mannen i 60-åra blei dømt til fengsel i fem månader. Han blei også dømt til å betala tilbake rundt 2,5 millionar kroner av det han hadde tent på aksjekjøpet. Begge måtte i tillegg betala sakskostnader til staten.

Saudabuane anka dommen til Gulating lagmannsrett. Dei tre lagdommarane Torstein Frantzen, Gro Berge og Håvard Romarheim har nå avvist ankane, og med dette bestemt at saka ikkje får ny rettsbehandling i lagmannsretten.

Advokat Brynjar Meling er forsvararen til saudamannen i 60-åra.

– Me meiner at kjennelsen er uriktig og har anka kjennelsen vidare til Høyesterett. Domfelte er klokkeklar på si uskuld og kan ikkje forstå at tingretten kunne meina at han har gjort dette, seier Meling.

Også forsvararen til saudamannen i 50-åra, Anne Kamilla Silseth, meiner dommen frå tingretten er uriktig, og stadfestar at også dei har tatt saka vidare til Høyesterett.

– Min klient meiner at han er dømt på indisier, og at det aktor har lagt til grunn i saka er feil , seier advokat Anne Kamilla Silseth.