BJØRKA KJEM: Forvaltningsleiar ved teknisk eining, Ørjan Djuv, arbeider med å få tilbake bjørketre langs Fløgstadvegen ved kyrkja. Kommunen er likevel imot å lage ein bjørkeallé slik det tidlegare har vore. Djuv håper kommunen får lov til å sette opp éi rekke med bjørketre i staden for to rekker. (Foto: Even Emberland)
BJØRKA KJEM: Forvaltningsleiar ved teknisk eining, Ørjan Djuv, arbeider med å få tilbake bjørketre langs Fløgstadvegen ved kyrkja. Kommunen er likevel imot å lage ein bjørkeallé slik det tidlegare har vore. Djuv håper kommunen får lov til å sette opp éi rekke med bjørketre i staden for to rekker. (Foto: Even Emberland)

Nå kjem bjørkene tilbake

Kommunen er innstilte på å plante trea i samband med arbeidet med nytt fortau, sjølv om soknerådet framleis er sterkt imot.

På våren for fire år sidan blei den historiske bjørkealléen ved Sauda kyrkje fjerna. Trea blei kappa som ein følge av at røtene øydela steinmuren trea stod kloss på, i tillegg til at dei var rotne.

Ryfylke skreiv i førre månad at Sauda kommune vil framskunde arbeidet med å legge fortau langs fylkesvegen frå Metodisten og opp til leikeplassen på same side, før ein fotgjengarovergang skal leie dei mjuke trafikantane over til brannstasjonen. Derfrå skal ein ny fotgjengarovergang ta dei over til sida der bjørkealléen stod tidlegare, kor det også skal leggast fortau for å sikre mjuke trafikantar og ein trygg skuleveg.

Parallelt med arbeidet med fortau, vil kommunen igjen setje opp bjørketrea mellom steinmuren ved kyrkja og vegen som er mellom kyrkja og brannstasjonen. Forvaltningsleiar ved teknisk eining i Sauda kommune, Ørjan Djuv, er likevel tydeleg på at kommunen ikkje vil ha alléen tilbake.

– Å sette opp ein allée igjen vil ikkje vere godt nok til å lage ein sikker skuleveg. Me går inn for å ha ei rekke med bjørk tett på køyrebanen og fortau på innsida. Me kjem til å vere imot om fylkeskommunen insisterer på ein allée igjen, med to rekker, seier Djuv.

I den gjeldande reguleringsplanen er Sauda kyrkje og området regulert som spesialområde med strenge vernebestemmingar. Spesialområdet dekker mellom anna kyrkja, den tidlegare bjørkealléen og steinmuren. Konkret om bjørkealléen står det:

«4.8 Dobbel trerekke (bjørketrær) mellom kirkegården og Fløgstadvegen, skal bevares. Skade på trær skal repareres. Dersom trær må felles på grunn av skadens omfang, skal det plantes på nytt på samme sted.»

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.