INGEN GARANTI: Rådmann Wictor Juul kan ikkje garantere at slankeprosessen kommuneøkonomien til Sauda må gjennom, vil skje utan at dei må gå til oppseiingar av kommunale stillingar. (Arkivfoto)
INGEN GARANTI: Rådmann Wictor Juul kan ikkje garantere at slankeprosessen kommuneøkonomien til Sauda må gjennom, vil skje utan at dei må gå til oppseiingar av kommunale stillingar. (Arkivfoto)

Rådmannen foreslår å redusere tenestetilbodet

Om ein månad legg rådmann Juul fram sitt budsjettforslag. Han varslar tøffe tak. Nå meiner han tenestetilbodet til innbyggarane må reduserast.

Dei siste åra har rådmannen lagt fram eit budsjettforslag utan å redusere det kommunale tenestetilbodet. Innsparingane har blitt jamnt fordelt på tvers av dei ulike einingane. Nå varslar rådmannen større kutt.

– Me vil ikkje klare å oppretthalde tenestetilbodet, opplyser Wictor Juul, som ikkje vil konkretisere nå kor kutta kjem.

Han kan likevel opplyse kva han vurderer.

– Innan skulesektoren må me vurdere om kvar lærar vil få ansvaret for fleire elevar. Innan helsesektoren arbeider me med ein del endringar. Blant anna kan det hende at me må akseptere lengre ventelister enn kva me har i dag, seier Juul.

Han presiserer at kommunen har klart å få ned ventelistene på omsorgsplassar, etter at dei i mange år har slitt med lange ventelister.

– I dag har me kanskje bare ein til to personar på venteliste. Men dette er riktig nok dei som har fått innvilga omsorgsplass, sier Juul.

Det er fleire som har ønska omsorgsplass, men der kommunane ikkje har innvilga omsorgsplass og meint at det har vore forsvarleg at dei har budd heime og fått hjelp av heimetenesta til kommunen. Enkelte brukarar har derfor meint at ventelistene i praksis har vore større enn det Sauda kommune har hevda.

Rådmannen ønsker ikkje på nåverande tidspunkt å opplyse om han vurderer strukturelle endringar, som i praksis betyr å slå saman einingar.

– Du får ikkje meg til å diskutere skulestruktur nå. Nå er det ikkje ein gong sikkert det er noko å spare på å slå saman skular. Det er investert mykje på ulike skular dei siste åra. Det er ikkje sikkert det blir ein økonomisk gevinst i å slå enkelte av dei saman, seier han.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.