23. oktober blir årets tv-aksjon gjennomført.
– I år er me så heldige at me har eit lokallag som tilhøyrer organisasjonen som skal motta pengane, seier Mari Austarheim, administrativ leiar for den lokale kommunekomiteen.
Røde Kors skal bruke pengane til å hjelpe sivile i krigs- og konfliktområde.
– Når me ser kva som føregår rundt omkring i verda, som for eksempel i Syria, er det utruleg kjekt at pengane går til Røde Kors. Saman med Røde Halvmåne er me klare til å hjelpe dei sivile i desse områda, seier Ola Breivik, nestleiar i Sauda Røde Kors.
Han meiner Syria-konflikten er ekstra aktuell for saudasamfunnet, sidan det er fleire flyktningar frå det krigsherja landet som nå befinn seg i Sauda.
Saman med blant anna leiar av Sauda Røde Kors, Ingrid Schibevaag, sit han i den lokale innsamlingskomiteen.
Nå håpar dei at saudabuen stiller velvillig opp som bøssebærarar, også under årets tv-aksjon.
– Me treng 80 bøssebærarar. Det har me klart å få til dei siste åra, sjølv om det har vore ein hektisk innspurt den siste veka. Som regel har dei siste bøssebærarane vore klare kvelden før tv-aksjonen, seier Mari Austarheim.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.