FISK, BIL OG VILT: Øyra Bakeri er historie. Roger Vik satsar nå i Saudasjøen, på fisk, viltkjøt, drivstoff og dekkhotell. Sistnemnde består av to containerar, som 22-åringen opnar for dei som treng ein plass å lagre dekk. (Foto: Even Emberland)
FISK, BIL OG VILT: Øyra Bakeri er historie. Roger Vik satsar nå i Saudasjøen, på fisk, viltkjøt, drivstoff og dekkhotell. Sistnemnde består av to containerar, som 22-åringen opnar for dei som treng ein plass å lagre dekk. (Foto: Even Emberland)

Satsar på fisk, bil og vilt

Roger Vik var klar for å gi Øyra Bakeri ein ny sjanse. Så gjekk han til legen, og alt blei snudd på hovudet.

22-åringen såg for fem månader sidan hans tiltenkte livsverk brenne ned og forsvinne. Sidan har Roger Vik sett på moglegheiter for å starte opp igjen bakeriet og bygge opp bedrifta på nytt.

Nå er det lagt på is. Vik vil heller satse med selskapsnamnet Fjord og Fjell sunnkost AS.

Retningsendringa kjem som ein følge av eit legebesøk for omtrent ein månad sidan, der 22-åringen fekk påvist revmatisme. Revmatisme er eit samleord for ei rekke sjukdommar som gir verk i musklar, ledd eller nerver. Legen gav også tydeleg beskjed om at bakaryrket ikkje er å anbefale med tanke på sjukdommen.

– Alt var eigentleg klart. Eg hadde fått prisar og hatt maskinfolk på synfaring for å sjå korleis ein burde sette maskinane opp. Då eg fekk beskjed om revmatismen, var det bare til å snu rundt. Ein annan faktor er at kostnadene ved å starte opp igjen eit bakeri er mykje større enn ved å starte dette, seier Vik, og festar blikket på den kvite murbygningen foran seg, Sjøen 18.

For det er i Sjøen 18 han held hus, etter at søsterselskapet ROV Eigedom AS kjøpte eigedommen i august. Det er 22-åringen sin far, Rasmus Vik, som eig holdingselskapet. Roger Vik bur i leilegheita i andre etasje.

Tanken er at Fjord og Fjell sunnkost AS skal drive næring i første etasje, samt på uteområdet. Roger Vik blir dagleg leiar i firmaet og får med seg André Saltvedt som ein tilsett. Saltvedt jobbar i dag i Øyra Bakeri som bakar.

Med det nye firmaet vil duoen satse på fisk og viltkjøt. I tillegg vil Vik drifte dekkhotell og moglegheiter for å fylle drivstoff gjennom søsterselskapet ROV Eigedom AS. Dei har difor søkt Sauda kommune om å leige delar av nabotomta for å sette opp to eldhus å røyke fisk og viltkjøt i.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.