Bygda var fredag samla til fest og feiring av at forsamlingshuset Tunet og området rundt det ærverdige huset nå er skeina opp. Amund Fattnes, leiar i Fjordguten ungdomslag, opplyser at jobben som er gjort har ein totalverdi på rundt 2,5 millionar kroner, om ein gjer om dei 1 900 dugnadstimane bebuarar i Hylsstronda har lagt ned i bygget og rabattane dei har fått frå ulike leverandørar til kroner og øre.
Forutan Fattnes, har Leiv Einar Drarvik stått for fleire hundre av dugnadstimane. Drarvik var også byggeleiar for prosjektet, slik at han fekk betalt for 200 arbeidstimar knytt til prosjektet. I tillegg har han jobba meir enn 400 dugnadstimar, opplyser Fattnes.
– Utan Leiv Einar og innsatsen hans hadde me aldri vore her i dag. Namnet hans er på ganske mange lepper i Vanvik nå, han har lagt ned ein utruleg jobb. Me er over 70 personar som har vore med på dugnad i varierande grad, men han har alltid vore der. Ein har ofte sett bilen hans stå her både laurdagar og søndagar, roser Fattnes.
Vil du lese meir og sjå fleire bilde frå opninga? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.
– Det har vore ein jobb som måtte gjerast. Eg og alle dei andre har stått på, det var det einaste å gjere. Eg synest det er mykje betre å gjere det på ti månader enn på tre år. Nå er det ferdig, og det er eg glad for, seier Drarvik, før han legg til:
– Mykje av motivasjonen har vore ungane i bygda. Dette har me gjort for deira framtid, og huset kjem til å vere med på å gi dei ein identitet til plassen.
Forsamlingshuset Hylsstronda, Fatland from LL Ryfylke on Vimeo.