GODE «SELGARAR»: Ordførar Asbjørn Birkeland (til venstre) og Sauda Vekst-leiar Inge Løyning brukte tre timar onsdag ettermiddag til å ringa bedrifter og organisasjonar i Sauda. Resultatet blei over 143 000 kroner til årets tv-aksjon. (Foto: Privat)
GODE «SELGARAR»: Ordførar Asbjørn Birkeland (til venstre) og Sauda Vekst-leiar Inge Løyning brukte tre timar onsdag ettermiddag til å ringa bedrifter og organisasjonar i Sauda. Resultatet blei over 143 000 kroner til årets tv-aksjon. (Foto: Privat)

«Tjuvstarta» tv-aksjonen – fekk inn 143 000 kroner

Mange saudabedrifter og –organisasjonar var rause då dei fekk ordføraren og vekst-sjefen på tråden onsdag kveld.

– Det var utruleg kjekt. Måten næringslivet i Sauda responderte på var fantastisk, seier saudaordførar Asbjørn Birkeland.

Onsdag var representantar frå kommunane på Haugalandet samla til ein telefondugnad i Sjøfartsdirektoratet sine lokaler i Haugesund. Målet var å ringa næringslivet i dei respektive kommunane og be om bidrag til årets tv-aksjon. Ordførar Asbjørn Birkeland og Sauda Vekst-leiar Inge Løyning tok oppdraget for Sauda.

– Andre kommunar hadde fleire representantar som ringte rundt. Dei hadde pausar med mat, kaffi og prating. Inge og eg hadde eit fullt trøkk i alle dei tre timane. Det var rett og slett veldig kjekt, fortel Birkeland.

– Anar me ei ny karriere som telefonselgar når du går ut av politikken?

– Hehe, nei.

Totalt fekk Birkeland og Løyning samla inn 143 161 kroner frå næringslivet og organisasjonar i Sauda i løpet av dei tre onsdagstimane. Dette gav Sauda ein foreløpig tredjeplass i fylket, og ein 15. plass på landsoversikta. Birkeland viser til den foreløpige statistikken som viser kor mykje pengar innsamlingsaksjonen har fått inn i Sauda, fordelt på blant anna næringslivet, kommunen og bøssene.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.