FRÅ SJEF TIL VASKEHJELP: Ordin Skorpe har overlatt det daglege ansvaret til dottera Maiken. Vaskejobben i Kiwi-butikken har han beheldt.
FRÅ SJEF TIL VASKEHJELP: Ordin Skorpe har overlatt det daglege ansvaret til dottera Maiken. Vaskejobben i Kiwi-butikken har han beheldt.

Fire generasjonar i butikken

Dei fleste matbutikkane i Sauda måtte gi tapt på 1980-talet. Skorpe har holdt stand – i 98 år.

For fire år sidan var Ordin Skorpe kome dit at han kunne trappe ned «24-timarsjobben» som dagleg leiar for kolonialbutikken, som dei siste 20 åra har hatt Kiwi-skilt. Dottera Maiken tok over leiarjobben, men vaskejobben har han beheldt.

– Ein time kvar kveld brukar eg på å vaske butikken, opplyser han.

Framleis er det han som er eigar av kolonialbutikken midt i Sauda sentrum. For få tiår sidan var det over eit dusin matbutikkar innanfor kommunegrensene til Sauda. Bare innanfor «sentrumskvartalet» var det liv laga for ei rekke kjøpmenn som konkurrerte innanfor det same varesegmentet. På 1980-talet måtte dei fleste gi opp. Nokre få hundre kundar var ikkje nok til å halde liv i éin butikk. I tur og orden forsvann konkurrentane. O. Skorpe Matsenter stod igjen, riktig nok under ulike namn etter kvart som dei skifta butikkjede.

– Kvifor var det Skorpe som stod igjen?

– Mangel på areal til å utvide butikken var nok hovudgrunnen til at dei fleste måtte gi opp. Me har satsa og kjøpt opp nabobygningar. Eg har alltid vore villig til å ta risiko, seier Ordin Skorpe.

Sjølv er han tredje generasjon eigar av familiebedrifta. Det var bestefaren, også med namn Ordin Skorpe, som etablerte butikken i 1918.

Les heile historia i Ryfylke si store temaavis, Vekst, som kjem ut i dag, fredag 28. oktober.