– Målet er at me ved å optimalisera og effektivisera drifta mest muleg, vil bli betre rusta for både nåtid og framtid, seier varaordførar Asle Rafdal (Ap).
I dag har Sauda kommune 94 kommunale pleie- og omsorgsplassar. Desse er fordelt på Åbøtunet (35), sjukehusbygget (20) og Åbøtunet (39). Ei arbeidsgruppe føreslår nå flytting av avdelingar mellom Høllandstunet, Åbøtunet og sjukehusbygget, og etablering av ei ny korttidsavdeling i andre etasje i sjukehusbygget.
Ei slik organisatorisk endring kan gi Sauda 92 pleie- og omsorgsplasser – og tilgang på 14 ekstra pleie- og omsorgsplassar ved behov.
Like etter kommunevalet hausten 2015 gjekk den då nyvalde politiske leiinga, med ordførar Asbjørn Birkeland og varaordførar Asle Rafdal i spissen, høgt ut og sa at dei ønska fleire kommunale pleieheimsplassar. Sauda hadde då lange ventelister innan pleie- og omsorgssektoren, og mange eldre og deira pårørande opplevde dette som ein fortvila situasjon.
Eit par månader seinare vedtok kommunestyret at det skulle opprettast ei arbeidsgruppe som skulle sjå på prioriteringar og ressursar i den kommunale pleie-og omsorgssektoren. Gruppa blei konstituert i mars, og har vore sett saman av politikarar og representantar frå både Eldrerådet og fagforeiningar.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her.