TID FOR KUTT: Rådmann Wictor Juul har hatt lange og intense arbeidsdagar dei siste vekene. I dag la han fram budsjettforslaget sitt. (Foto: Ingvil Bakka)
TID FOR KUTT: Rådmann Wictor Juul har hatt lange og intense arbeidsdagar dei siste vekene. I dag la han fram budsjettforslaget sitt. (Foto: Ingvil Bakka)

Vil kutta 15-20 stillingar

Rådmannen kan ikkje garantera at det vil skje utan oppseiingar.

– Målet er å få det til med naturlege avgangar, utan oppseiingar. Men eg kan ikkje garantera at ingen blir sagt opp, seier rådmann Wictor Juul.

I dag, onsdag, presenterte rådmannen sitt forslag til 2017-budsjettet for Sauda kommune.

Sauda kommune sin svært anstrengte økonomi, med store og auka utgifter, gjer at kommunen må gjennomføra drastiske økonomiske kutt komande år.

I budsjettforslaget sitt har Juul blant anna føreslått dette:

* Legga ned introduksjonsklassane for framandspråkeleg barn frå og med neste haust.

* Redusera talet på lærarstillingar.

* Redusera brøyting vinterstid.

* Stenga Sauda DMS i seks månader i 2017.

* Auka prisar på ulike tenestetilbod.

* Auka hall-leiga i Saudahallen.

* Auka kommunale gebyr.

Les meir om kuttforslaga – og om reaksjonar på forslaga – i papirutgåva på fredag.