Alle tenestesektorar i Sauda kommune blir ramma av rådmannen sitt budsjettforslag. Det kom fram frå Wictor Juul sin presentasjon onsdag ettermiddag. Under oppvekst og kultur er det foreslått å totalt kutte med rundt seks millionar kroner.
I skulesektoren vil ein mellom anna frå neste skuleår legge ned introduksjonsklassane for asylsøkarbarn, asylsøkarungdom og flyktningar som har fått busetting i kommunen.
– Først må me avvente kva politikarane vedtar. Basert på deira vedtak blir det opp til oss å lage eit best mogleg tilbod for alle elevane, det gjeld også for elevane som treng eit meir tilpassa opplegg etter opplæringslova, seier Jakob Svandal, kommunalsjef oppvekst og kultur.
I dag er det tre introklassar i Sauda, fordelt på Fløgstad skule, Risvoll skule og Sauda ungdomsskule. Rektor ved Fløgstad skule, Anne Vikeså Solbakken, er tydeleg på at ho og skulen ikkje ønsker å legge ned introklassen ved Fløgstad skule.
– Me ser at introklassen fungerer veldig bra. Der jobbar dei veldig mykje med norsk språk og grunnleggande kompetanse, og det gir dei betre føresetnadar til å meistre kvardagen. seier Solbakken.
– Kva konsekvensar vil det få om ein legg ned introklassen?
– Det er meir effektivt for oss å ha introklasse med éin lærar. Hadde elevane vore spreidde i ordinære klassar, hadde ikkje éin lærar klart å «serve» alle i dei forskjellige klassane med så tett oppfølging som i dag. Blir introklassen lagt ned, har me ikkje moglegheit til å følge dei opp så tett som nå. Det er også store forskjellar på elevane i introklassen, og set ein dei i ordinære klassar vil dei faglege nivåforskjellane bli endå større. Då blir det meir utfordrande å ha timar og undervisning som alle drar nytte av.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.