IKKJE I ÅR: I staden for Salemscupen, satsar Salem Sauda denne hausten på arrangementet Oh Happy Day, som dei håper skal fenge fleire enn dei som er fotballinteresserte. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
IKKJE I ÅR: I staden for Salemscupen, satsar Salem Sauda denne hausten på arrangementet Oh Happy Day, som dei håper skal fenge fleire enn dei som er fotballinteresserte. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Ingen salemscup i år

Nå tar Salem Sauda sikte på å treffe langt fleire enn fotballfolk med sitt arrangement. Difor lanserer dei Oh Happy Day.

Etter 25 år med Salemscupen, er det nå klart at den ikkje blir noko av denne hausten. Men det blir eit arrangement for barn og unge, og Salem Sauda håper at dei med Oh Happy Day legg til rette for at langt fleire enn dei som sparkar fotball kan utfalde seg i aktivitetar i Saudahallen.

– Nå prøver me noko nytt, og det blir spanande å sjå korleis det blir mottatt. Me har trua på at det blir populært, og for oss med tanke på barne- og ungdomsarbeidet, er det viktig å favne flest mogleg, seier Olav Oustad.

Oustad står saman med Roy Nordhagen i spissen for arrangementet og er del av arrangementskomitéen.

Salems Oh Happy Day blir eit ettermiddags- og kveldsarrangement med ei rekke aktivitetar som kjem rullande inn i Sauda med ein lastebil. Også entertaineren Ruben Gazki kjem til arrangementet for å underhalde med show og sine tryllekunstar.

Sjølv om i år ikkje blir noko av Salemscupen, utelukkar ikkje Nordhagen og Oustad at den kjem tilbake. Det kan også vere at det blir eit anna arrangement, som verken er fotballcup eller noko som liknar årets Oh Happy Day.

– Me får sjå kva framtida bringer. Eg skal ikkje seie sikkert at det neste år blir det same opplegget, me må samle erfaringar og evaluere etter arrangementet, seier Nordhagen.

– Me har ikkje lagt ned Salemscupen, men me bestemte oss for å prøve noko nytt. Me har heile tida prøvd å gjere cupen betre og betre og brukt mykje pengar på den, i tillegg til at den har kravt veldig mykje tid og ressursar. Dette arrangementet er ikkje så ressurskrevjande for oss, forklarer Oustad.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.