Natt til fredag i førre veke kom dei første kvite fnugga i Svandalen og i Sauda Skisenter sitt anlegg. I løpet av dagen og natt til laurdag fortsette det å snø, og laurdag føremiddag kunne dagleg leiar i Sauda Skisenter, Lars Reidar Fosstveit, rapportere om 30 centimeter nysnø.
Alt fredag kveld var trakkemaskinen i sving i trekktraséen, og søndag kveld starta produksjonen av kunstsnø. Skisenteret har ti snøkanonar som spyttar ut snø medan gradestokken viser kalde blå.
– Det er ingenting som er betre enn kaldt, fint og stabilt vêr. Me har eit håp om å opne barneheisen til helga, men det er avhengig av at alt fungerer slik det skal, seier Fosstveit.
Sjølv om ikkje skitrekket har vore ope i helga, har det vore mykje folk i bakken for å leike og ake i snøen. Det har hjelpt skisenteret med å trakke ned snøen og gjere den kompakt. Saman med snøproduksjonen og trakkemaskinane er det med på å lage ein såle som kan halde lenge.
– Dette kan bli eit veldig bra grunnlag, men det er fortsatt tidleg, og me skal ikkje forvente at dette vêret held fram heilt til vinteren kjem for fullt. Men me føler me er i rute, og me har også vore så heldige at me har fått hjelp frå TIP-klassen frå Sauda vidaregåande skule til å gjere dei store heisane klare, forklarer Fosstveit.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.