PRISVINNAR: Ryfylke Mat og Nicholas Guindani fekk merkevareprisen av styreleiar i Ryfylkealliansen, Marianne Torbjørnsen. (Foto: Asbjørn Birkeland)
PRISVINNAR: Ryfylke Mat og Nicholas Guindani fekk merkevareprisen av styreleiar i Ryfylkealliansen, Marianne Torbjørnsen. (Foto: Asbjørn Birkeland)

Fekk gjev Ryfylke-pris

Ryfylke Mat fekk i går kveld merkevareprisen på Arena Ryfylke, den årlege storsamlinga for alle medlemmer av Ryfylkealliansen.

Merkevareprisen går til det firmaet som er del av Ryfylkealliansen, og som det siste året har profilert Ryfylke og vore ein god ambassadør for regionen gjennom å aktivt bruke ryfylkelogoen.

Som ein følge av at prisen blei gitt til Ryfylke Mat på Nesflaten i Suldal seint i går kveld, etter at avisa gjekk i trykken, har det ikkje vore mogleg å hente inn kommentarar frå gründeren og dagleg leiar i Ryfylke Mat, Nicolas Guindani.

«Firmanamnet gjev forventningar om kva verksemda tilbyr, og den relativt vesle bedrifta leverer i alle ledd! (…) I annonser og på internett er Ryfylke Mat tydeleg i kommunikasjonen med å bruka ryfylkelogoen. «Me er medlem i Ryfylkealliansen» lyser mot oss på nettsidene til Ryfylke Mat. Ingen skal vera i tvil om tilhøyrsla til verksemda, og kva nettverk Ryfylke Mat er med i.», står det mellom anna å lese i juryen si grunngiving.

– Prisen heng høgt. Her går det på å vere flinkast til å profilere Ryfylke, først og fremst med å bruke ryfylkelogoen bevisst, seier Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist, som også er medlem av Ryfylkealliansen og har fleire oppgåver knytt til alliansen som prosjektleiar.

Det var styret i Ryfylkealliansen som konkluderte at det i år var Ryfylke Mat som fortente prisen, etter innspel frå fleire om moglege kandidatar.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.