FIN TRIO: Sjølv ei råsterk mamma får utfordringar med å bera to viltre og lealause småtroll. Georg (5 ½) og Hedda (1) held Hildeborg Juvet Hugdal (33) i aktivitet. Om fire dagar løftar ho i VM. (Foto: Ingvil Bakka)
FIN TRIO: Sjølv ei råsterk mamma får utfordringar med å bera to viltre og lealause småtroll. Georg (5 ½) og Hedda (1) held Hildeborg Juvet Hugdal (33) i aktivitet. Om fire dagar løftar ho i VM. (Foto: Ingvil Bakka)

Verdas sterkaste mamma er klar for VM

Mammaen til Georg (5 ½) og Hedda (1) har tydelege mål: Medaljar og verdsrekord!

– Det viktigaste for meg i dette verdsmeisterskapet er å klara å kvalifisera meg til World Games 2017. Det betyr at eg må komma på pallen i USA. Det bør eg klara, seier Hildeborg Juvet Hugdal.

Måndag sette Hildeborg Juvet Hugdal kursen mot Orlando i USA. VM-konkuransen hennar startar fredag, og alt søndag drar ho heim igjen til Norge og Sauda.

– Stemnet er på flyplasshotellet, så eg får ikkje sett mykje av USA. Andre, som ikkje er i min situasjon, blir igjen og kombinerer det med ferie. Eg må heim til ungane og lærarjobben min i kommunen, seier Hildeborg.

Deltakinga i det komande verdsmeisterskapet i styrkeløft er den femte i Juvet Hugdal sin senior-karriere. I sitt aller første senior-VM, som gjekk i Stavanger i 2006, sette ho verdsrekord i benkpress. Etter dette har ho stadig sett nye verdsrekordar. I 2014, då VM-konkurransen også gjekk føre seg i USA, sette saudabuen nok ein verdsrekord i benkpress, då med eit løft på heile 227 kilo. Denne rekorden står fortsatt. Ho har veldig lyst til å heva rekorden på fredag.

– Eg har ein liten draum om ny verdsrekord, ja. Det er alltid kjekt å setta verdsrekord i USA. Eg har vore veldig nær på treningar, og målet er å klara det i VM. Men det er skummelt. Eitt underkjent løft, så kan alt ryka, innrømmer 33-åringen.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.