Hildeborg Juvet Hugdal er ferdig med løftinga si i VM i styrkeløft.
33-åringen fekk underkjent alle dei tre løfta sine i knebøy, og mista med det alle sjansar på samanlagtplassering og mulegheit for å få godkjent eit verdensrekordløft.
Uansett, i benkpress-konkurransen fekk Hildeborg vist sin store styrke, då ho løfta heile 30 kilo meir enn nummer to, Brenda van der Meulen frå Nederland.
Hildeborg greidde heile 230 kilo i andreløftet sitt i benkpress-konkurransen. Det er tre kilo meir enn hennar eigen verdensrekord. Men med manglande resultat i knebøy får ho ikkje godkjent verdensrekorden, som må settast i ein styrkeløftkonkurranse der ein har godkjente løft i alle tre greinene. Men, ho får gullet i benkpress-konkurransen for monster-løftet sitt.
I markløft starta Hildeborg med eit løft på 170 kilo. Fem av dei seks konkurrentane hennar hadde høgare startløft. Etter kvart blei andre- og tredjeløftet til Hildeborg kryssa ut, noko som betyr at ho ikkje gjennomfører dei to siste løfta sine.
Les meir i papiravisa på tysdag