Torsdag blei dagleg leiar ved Sauda mottakssenter, Kristin Hystad, informert om at Utlendingsdirektoratet (UDI) legg ned asylmottaket i Sauda.
– Kva skal eg seie, pusten gjekk litt ut av meg. Det er trist for alle partar å motta ein sånn beskjed. Dette berører jo ikkje bare bebuarar og tilsette, men også kommunen, frivillige og samarbeidspartnarar. Det berører heile lokalsamfunnet, seier Hystad til Ryfylke.
Asylmottaket blei oppretta for eitt år sidan med 150 mottaksplassar for asylsøkarar, i tillegg til 30 beredskapsplassar. Det er 6,7 årsverk knytt til Sauda mottakssenter. Siste driftsdag for mottaket blir 28. februar, grunna at det i kontrakten er tre månaders oppseiingstid.
– Både dei tilsette og Sauda kommune er informerte, opplyser Hystad.
Sauda mottakssenter blei oppretta av Hero Norge AS i fjor. Driftsdirektør Vidar Torheim opplyser at det for dei kun er asylmottaket i Sauda som må leggast ned i denne omgang.
– Eg har sjølv vore på besøk i Sauda, og eg synest det er kjempetrasig at det må leggast ned. Med tanke på dei tilsette, samarbeidet dei har med lokalsamfunnet og det gode tilbodet dei leverer, er det veldig leit. Det er leit for oss, for dei tilsette, for bebuarane og for lokalsamfunnet som har satsa på dette og bygd opp tilbod rundt det, seier Torheim til Ryfylke.
– Er dette for Hero del av ei større nedlegging av mottaksplassar, slik ein har hatt tidlegare i haust?
– Ifølge UDI er dette ein mindre reduksjon. For oss betyr det at me dessverre må seie opp kontrakten til Sauda mottakssenter. Om ikkje UDI seier noko anna innan ting blir offentleggjort, så er det for oss i Hero kun Sauda mottakssenter som blir lagt ned, forklarer driftsdirektøren i Hero.
Regiondirektør i UDI, Sissel Mehammer, vil fredag kveld ikkje kommentere saka.
– Me kan ikkje seie noko om ei eventuell nedbygging før på måndag, og eg ber om forståing for det, seier Mehammer til Ryfylke.
Les meir om saka i Ryfylke på tysdag i neste veke.