UTAN JOBB: Dei tilsette ved Sauda mottakssenter, deriblant Hulda Asgeirsdottir Birkeland (nummer to frå venstre), Brit Jørstad Nilsen, Jeanette Ringstrand, Elise Fløgstad Klimek og Kristin Hystad, må finne seg ny jobb som ein følge av at asylmottaket blir lagt ned. (Foto: Even Emberland
UTAN JOBB: Dei tilsette ved Sauda mottakssenter, deriblant Hulda Asgeirsdottir Birkeland (nummer to frå venstre), Brit Jørstad Nilsen, Jeanette Ringstrand, Elise Fløgstad Klimek og Kristin Hystad, må finne seg ny jobb som ein følge av at asylmottaket blir lagt ned. (Foto: Even Emberland

Må på jobbjakt

Med nedlegginga av Sauda mottakssenter, mister også dei tilsette arbeidsplassen sin.

Fram mot siste driftsdag for Sauda mottakssenter blir mottaket drive som vanleg. Det opplyser mottakskoordinator i Hero, Anpu Mahesan, som måndag var i Sauda for å informere om og diskutere drifta fram til 28. februar med dei tilsette.

– Me er opptatte av at me skal vere ein profesjonell aktør heilt fram til siste dag. Me må ha dialog med kommunen, utleigarane og andre involverte om korleis me løyser dette, seier Mahesan.

Det er UDI som styrer asylsøkarstraumen i Norge og kven som skal i kva mottak. I Sauda ser mottakskoordinatoren for seg at det blir ei naturleg nedtrapping. I Sauda vil asylsøkarane som har fått ja på søknadane om opphaldsløyve bli busett rundt om i norske kommunar, deriblant også Sauda. Dei som har fått endeleg avslag på søknadane om opphaldsløyve i Norge må ut, medan dei som ikkje har fått søknaden om opphaldsløyve behandla blir flytta til eit anna asylmottak.

Det er knytt 6,7 årsverk til Sauda mottakssenter. Dei stillingane forsvinn når mottaket blir lagt ned. Dermed må Hystad, Jeanette Ringstrand (miljøarbeidar), Hulda Asgeirdottir (tiltakskonsulent), Cato Gundersen (vaktmeister), Brit Jørstad Nilsen (økonomikonsulent), Elise Fløgstad Klimek (sosialkonsulent) og Janne Hindrumsen (informasjonskonsulent) ut på jobbjakt i ein alt svært pressa arbeidsmarknad i Sauda.

– Det gjer det litt ekstra kjipt, for me veit det er vanskeleg å få seg jobb i Sauda for tida. Det blir ekstra trist sidan det ikkje bare er oss, fordi dette også påverkar andre sine jobbar. Då må me fort ut av bygda for å finne noko, seier Jeanette Ringstrand, til nikk frå kollegaene rundt lunsjbordet.

Etter å ha gått fri i dei to store rundane med betydelege reduksjonar i mottaksplassar i Norge tidlegare i haust, håpa dei tilsette at arbeidsplassen deira og mottaket i Sauda var sikra for ei god stund.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.